Kokken og eg er i Roma, i alle fall innbiller vi oss det, der vi sit i kinosalen. Vi ser den italienske filmen Sommerlunsj i Roma. Det er meir lunsj enn Roma, og mykje vin. Store mengder kvitvin, som den middelaldrande hovudpersonen Gianni tyller i seg. Han bur heime med mora på 93. Dei ligg ein smule etter med husleiga, nærare bestemt 3 år. Dette gir bestyraren eit visst tak på Gianni.





Det er sommer, det er ferietid og det er tid for refleksjoner. Å ikke tenke på oppgaver knyttet til jobben er spesielt krevende de første feriedagene. Men så kommer roen og man kan dvele med andre refleksjoner som tidligere i år måtte settes på vent på grunn av travelt arbeidspress.
Det er kveld. Eg har lyst på noko godt. Kokken svingar sleiva, ein ikkje uvanleg situasjon i vår heim. Han lagar vaflar. Dei blir himmelsk gode. Eg spør etter oppskrifta. Han rynker bryna, det blir veldig vanskeleg. Eg spør fint om han kan prøve. Han gjer eit forsøk på å skrive ned ingrediensane, men gir opp. - Det er umuleg, seier han. Han har berre rørt i hop noko, og det lar seg ikkje gjenskape.
Jeg vil ha en Toyota Corolla, syng eg, så høgt eg kan. Jeg vil ha en Toyota Corolla, jeg vil ha en Toyota Corolla. Viss eg skulle velje, kunne eg heller tenke meg ein gammal Amcar, ein 60-tals Ford Thunderbird f.eks, men det blir vanskeleg å synge. Det får heller bli japansk. Eg er på korøving. Jeg vil haaa en Toyota Corooooolla.
Takk for dei hyggelege kommentarane! Kokken og eg set stor pris på å få så gode tilbakemeldingar. Vi har eit ønske om å spreie glede via sida vår, og då er det kjekt å få vete at nokon faktisk har blitt glade av å besøke oss og lese artiklane. Kjekt!