Ivanhoe, Tsarens kurer, Dei tre muskedundrane, Tarzan, Greven av Monte Christo, barndommen min var tapetisert med heltar, og den største av dei alle var Robin Hood. Stadig sat eg med nasen i ei spanande bok. (Alternativ verd som det heiter det i dag, kor det meste føregår på nett). Robin Hood var riddaren over alle riddarar, og eg levde meg inn i livet i Hundremeterskogen, eg meiner Sherwoodskogen. Dette kan vere grunnen til at eg ikkje var så flink til å rydde rommet, nokon skreiv i støvet på platespelaren min at eg måtte tørke støv, men eg hadde rett og slett ikkje tid. Det var så mykje som skjedde i Nottingham eller i Russland, for ikkje å snakke om under den franske revolusjonen.