Noen ser på påskeglede som å sitte i hytteveggen og nyte solen enten i fjellet eller ved sjøen. Andre gjør klar båten for sjøsetting, for så å innta fjorden i selve påsken. Appelsin og Kvikk-Lunch er gjerne fast følge enten til fjells eller til sjøs i påsken. God mat og drikke likeså.





Eg er så heldig å ha ei svært sporty svigermor. I dag sto heile familien tidleg opp, pakka ski og termos og drog til Voss. Der var lite sol å få auge på, den som var, var svært bleik. Anten var det dagen derpå, eller hadde den vorte nekta tilgang til solariet. Sol eller ikkje, til fjells skulle vi. Svigermor, som er 66 og kan gjere kva ho vil i høve sangen, blei med.
Nei, eg snakkar ikkje om kokken si gode søndagsgryte, sjølv om den var gaflande god og gleid ned på tvers og langs. Heller ikkje siktar eg til resten av Kong Håkon-øskja som dukka opp då vi rydda boden i går. Heldigvis var det ikkje så mykje som 650 gram igjen, men bitane som hadde overlevd jula, smakte retteleg godt. (Å kaste sjokolade, er forkasteleg, etter mitt syn). Ikkje er eg på slanking heller, om eg hadde vore det, ville eg ikkje ha visst om eg gjekk opp eller ned i vekt, då eg er prinsipielt i mot badevekter. Eg vil ikkje øydelegge humøret med å ha slike innretningar i huset. (Nei til badevekttyranni, kva med å starte gruppe på Facebook?).
Søndagsmiddagen er alltid noe ekstra over seg. Dette er ingen unntak, det bør være en "stjernemiddag". Med koteletter av stjernegris, kokosmelk og grønnsaker er råvarene sikret for enda en stjernemiddag.
I går såg kokken og eg filmen Julie og Julia på DVD. Ei morosam oppleving. Meryl Streep var boblande entusiastisk som Julia Child, USAs svar på vår eigen Ingrid Espelid. Ho ga ut den populære kokeboka "Mastering the Art of French Cooking" og lærte amerikanarane å koke på fransk. I filmen får vi del i opplevingane hennar i Paris saman med ektemannen. Ho eeeeeeelskar mat og endar på høgprofilert, og ein smule snobbete, Cordon Bleu kokekurs (Cordon Bleu betyr blått bånd, og er ei internasjonal kjede av kulinariske skular som underviser i fransk kokekunst i følgje ei sikker kjelde. Les: kokken).