Her i hjemmet lages det kjøttpudding til en og annen søndagsmiddag. Ungdommen fikk kjøttpudding servert en gang tidligere hos sin kjære onkel, og fikk smaken på retten. Som søndagskokk her hjemme fikk jeg overbrakt ønsket om kjøttpudding til en søndagsmiddag.





Når ein ser Sirikit, er det vanskeleg å tenke seg at ho kan vere ein ulv i fårekle. Ingen er kvitare, finare eller ser meir uskuldig ut enn ho. Men skinnet kan bedra, det har vi erfart etter meir enn tre månader med den "kongelege" i huset. Noko av det kjekkaste ho veit er å jakte på insekt.
Han ser undrande på meg. Eg har berre spurt om dei er gode i år, det tek ei tid før den unge mannen bak disken svarer. Antakeleg fordi svaret er så sjølvinnlysande, og han vurderer om eg er ved mine fulle fem. Det er nesten som å lure på om hovudstaden i Noreg heiter Stockholm, eller om to pluss to blir fem, for ikkje å snakke om å spørje ein bergensar om fotballaget til Bergen heiter Vålerenga. 
Kokkken og eg skal gå i Varg Veum sine fotspor. Det er søndag og byvandring i byen mellom dei sju fjell. Eg var HEILT sikker på at sjølvaste Gunnar Staalesen skulle vere reiseleiar og guide fordi eg har sett han i aksjon tidlegare. Når det viser seg at det ikkje er forfattaren sjølv som leier turen, bestemmer vi oss for å føreta vår eigen byvandring.