Eitt steg hit og eitt steg dit, så kjem det eg itte kainn... Eg gjer orda frå sangen til mine, beina vil absolutt ikkje dit eg vil, det eg trudde at eg kunne, kan eg absolutt ikkje i det heile. Det handlar om salsa, sveitte og svinaktig mangel på sjølvinnsikt..... Altså dansen salsa, sausen får kokken ta seg av. Men kor blei det av dansegleda?
Den er der til å begynne med. I eit par års tid har eg faktisk trudd at eg kan danse salsa. I helga fann kokken og eg ut at vi skulle jåine eit lite nybegynnarkurs i denne artige dansen for å friske opp att gamle kunster. Då vi enno var kjærestar for litt mindre enn 3 år sidan, gjekk vi på eit 6 vekers kurs. Vi lærte å vrikke på hoftene, ha lause og ledige kne, gå tre steg fram og tre tilbake til den merkelege teljinga 1-2-3-5-6-7 (4 og 8 er av ein eller annan grunn ikkje med i salsa) mens vi bevega på overkroppen, alt helst samstundes.
Litt dansing på stovegolvet har det blitt, og i bryllupet hadde vi brudesalsa i staden for brudevals. Det er ein artig form for trim som får deg til å føle at du er litt pulserande i live. Pga at helsetilstanden min har vore redusert siste året, har det ikkje blitt så mykje salsa som eg skulle ønske.
Men no skal det skje. Vi står laina opp i den relativt trange dansehallen i kjellaren på Ulriken bydelssenter. No skal det dansast! Det vil seie, først skal det innøvast trinn. Allereie her skjer det seg. Det viser seg at det er vanskeleg å gå tilbake i utviklinga (trur Darwin ville vere einig i det). Å skulle gjere shuffle, paso doble og kva dei heiter alle trinna vi trudde vi kunne, i sakte film, er jamen utfordrande. Beina stokkar seg. I tillegg står vi framfor den store spegelen som nådelaust avslører absolutt kvart eit feilsteg.
Så er det tid for å byte partner. Eg må sleppe kokken og hive meg rundt til nestemann. Rekk så vidt å bli svinga rundt før det er tid for å byte igjen. Eg svimlar nesten, og tek stadig vrange steg, og den kryssinga bak får eg ikkje til i det heile. Då eg eit lite øyeblikk føler at no, no får eg det til, ja! så får eg melding frå dansepartner om at eg fører. Skrekk og gru, det er mannen som skal føre, eg skal berre bli virvla rundt lett som ein sommarfugl i vinden. Hm, virvlinga minner mest om stumping, og no verker det i føtene og. Forfengelege meg som vil danse i fine, høghæla sko.
Sveitten piplar på pannebrasken, og det er over. Sjølvtilliten har sige mange hakk. Kokken og eg ser på kvarandre. Blir einige om å delta på eit salsakurs for vidarekomne i håp om at vi skal få tilbake trua på oss sjølv.
P.S Bildet samsvarer ikkje heilt med innhaldet i artikkkelen, men det var retteleg fint......
| < Førre | Neste > |
|---|





