Sidan kokken tar seg av maten og eg har "jobben" med å stå for gleda her, og det er over ein månad sidan eg har skrive, er det lett å tenke at eg berre er glad ca ein gong i månaden. Det kan eg avkrefte her og no. Eg er glad oftare, til og med fleire gonger i månaden. Siste 3-4 veker har derimot eg vore sjuk med influensa og slikt, då lyt ein finne ANDRE gleder. Det er vanskeleg å sprudle når hostebygene er som middels hauststormar og nesten riv ein over ende.
Men hin dagen var eg så lei av sjukdomsplager, antibiotika, Tamiflu, hostesaft og nasespray, og skikkeleg lei av å lese, sjå på TV, løyse Sudoko, og alt slikt ein putlar med når ein er sjuk, inkludert å ete druer, druer ER liksom sjukedietten over alle sjukediettar, at eg begynte å sjå meg om etter andre kjelder til glede enn det eg pleier.
Denne morgonen drog eg litt opprådd frå gardina og blei liggande i senga og berre sjå ut på himmelen. Begynte å legge merke til fargane. Såg korleis skyene rørte på seg, korleis himmelen var ein einaste fargepalett som forandra seg i sakte tempo. Grått, mørkeblått, lys lilla, kvitt, lyseblått, llitt rosa, det var fascinerande å følgje med på endringane. (Litt som i På sporet av den tapte tid av Marcel Proust, eit verk i 12 bind kor det er brukt mange sider berre på skildre etinga av ei lita Madeleine-kake). Slik låg eg då, litt i mi eiga tapte tid, mens resten av verda gjekk sin pulserande gang der ute.
Då eg vel hadde stått opp, begynte eg å sjå etter kva vi hadde i kjøleskapet. (Som sagt, dette var ein uvanleg dag). Vanlegvis ser eg ikkje så mykje etter. Maten kjem inn i kjøleskapet, og der blir den til det er tomt, og ny mat og drikke kjem inn. Trudde eg. Men no løfta eg blikket. Til. Toppen. Av. Kjøleskåpdøra. Der. Såg. Eg. Noko. Rart (Alt føregjekk i same
saaakte tempo som himmelglaninga tidlegare). Eg såg..... ei uvanleg stor samling med hostesaftflasker. Hjelpe meg kor mykje hostesaft kjøleskapet vårt hyste! Ei for ei begynte eg å rydde i dei. Alle var gått ut på dato for år og dag sidan, ei var kjøpt i Spania for tre år sidan, ei anna var litt slik ayuverda eller kva det heiter, noko indisk saliggjerande.
Alle flaskene blei tømt og reingjort og stilt opp ved vasken slik at dei kunne kastast korrekt i glas-og metalbosset seinare. (Det rare er at då eg ved middagsbordet spurte resten av familien om dei kunne SJÅ kva eg hadde gjort den dagen, såg dei seg i kring og rista på hovudet).
Det tredje, litt uvanlege, eg gjorde, var å lese annonsene i avisa. Det pleier eg vanlegvis ikkje å gjere, då eg synest slike privatannonser er dørgande kjedelege. Men no las eg ALT, rubbel og bit. Det var då eg kom over den, annonsa for RASEKATTUTSTILLINGA dagen etter. Det kunne ha vore snytande artig å prøve, tenkte eg, eg har aldri sett mine bein på ei rasekattutstilling før. Skal tru om eg får med meg kokken? Ja, eg seier at eg har ei overrasking til han, slik i tilfelle han ikkje har lyst til å vere med.
Som sagt så gjort, dagen etter for vi av garde, trass i hostekuler og vedvarande forbruk av snytepapir, men no var eg så lei av husets fire vegger at eg hadde gått på pensjonist-treff om nokon hadde invitert meg med. Kokken lot seg overraske, og hadde det så kjekt med alle kattane at det var så vidt eg fekk han med heim att.. Mjau!
Det er ikkje er dumt å sjå seg ikring.
| < Førre | Neste > |
|---|





