• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home Siv sine oppmuntringer UT PÅ TUR, (NESTEN ) ALDRI SUR....

UT PÅ TUR, (NESTEN ) ALDRI SUR....

E-post Skriv ut

Kokken og eg er ute på tur i skogen, og eg, ja, eg er rett og slett litte grann sur. Enda eg beint fram elskar å gå på tur. Elskar er jo kanskje å ta litt hardt i, sidan ein strengt tatt ikkje kan elske noko som ikkje er eit menneske (som kokken, han er svært elskbar, blant granbar og elles), men poenget er at eg LIKAR SVÆRT GODT å gå på tur, og det pleier ikkje å gjere meg sur. Vi er på Ask, det er vinter, det er kaldt, og eg er sur.

Blikket er retta mot bakken, tramp, tramp, eg stampar av garde som ein annan soldat, berre geværet manglar. Ikkje at eg har lyst til å skyte nokon, det kunne ikkje ramle meg inn. Far min gjekk på jakt, og eg hugsar rypene han kom heim med. Fine, kvite fjør flekka av blod, stivfrosne fuglar som blei hengt opp i uthuset. Då han kom heim med ein hare, var begeret fullt. Skyte eit så vakkert dyr! At han kunne! Inni hovudet mitt begynte ein film å snurre, ein film med kvit hare som sprang lett på tå over kvit snø, og der! blam! hoppa haren for siste gong og datt livlaus på bakken.

Eg kunne ha enda som vegetarianar eller dyrevernsaktivist, men seinare (og for ikkje så svært lenge sidan) har eg ete hjortekjøt som sprang i skogen i Sogn. Det må seiast at kokken lagar himmelsk hjortegryte, det er beint fram umuleg å nekte seg den. Så eg let att augo og nyt munnfulllane utan å føle solidaritet med hjorten som fall for jegeren si kule. Eg tar det forresten igjen med å kjøpe egg frå frittgåande høner, berre så det er nemnt.

Men der går eg altså i skogen på Ask og er sur (som sagt). Då seier kokken plutseleg: Sjå på dropane i trea. Og eg løfter augo og ser. Ei fantastisk verd opnar seg. Heile skogen er full av dropar. Lyng, lauv og nåler har dropar i alle storleikar og variantar, det er fascinerande og fengslande. Eg finn fram kameraet og begynner å ta bilde, somme stader liknar dropane spindelvev eller smykke. Heile skogen er som ein stor samling dråpekrystallar.

Kven har tid til å vere sur?

Det går an å klikke på bilda!