• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home Siv sine oppmuntringer REISEN TIL JULESTJERNA

REISEN TIL JULESTJERNA

E-post Skriv ut

Jula er like om hjørnet, den nærmar seg med ekspressfart faktisk, men kor er juletrestjerna? Første gong eg kikka opp i juleøskja og ikkje fann den, tenkte eg: Jaja, det er ikkje jul enno, den dukkar vel opp. Andre gongen (og tredje, fjerde og femte), tenkte eg at den sikkert vil krystallisere seg på same måten som Grevinnen og hovmesteren. No tenker eg: Må eg ut og leite? Rundt i huset? Boden? Loftet? Under trappa? Dette ser ikkje bra ut i det heile.

Vi som skal ut i skogen og hogge tre. Eit ekte juletre frå ein ekte skog på Sotra. Med kjelke og kakao og snø, meir juleromantisk kan det ikkje bli, i alle fall i mitt hovud. Dette har eg drømt om sidan eg var lita, å få bli med og hogge eige tre. Tenk at eg var så heldig å få ein "godseigar" frå Sotra med lite hår og mykje skog til ektemann. Og så har vi ikkje stjerne til å setje i toppen? Det er eit skår i gleda. Ikkje at det er 15-16 år sidan vi såg stjerna, som i filmen, men ca 2 år. I fjor hadde vi ikkje juletre fordi vi var i Sogndal, og året før lova kokken meg juletretur. Andelaus av spenning måtte eg konstatere at treet han hadde sett seg ut, sto rett attmed vegen. Det blei ikkje det same.

Å setje på "Julekveldsvise" hjelper litt på stemninga, men er ikkje noko fullgodt alternativ til stjerne i toppen. Mens eg leiter, tenker eg på året som har gått. 2009 har i grunnen vore eit ganske bratt år.

For det hadde ein tøff start, 2009. Noko det siste vi gjorde i 2008, var å følgje ein god svoger og onkel til grava. I andre månaden mista tenåringen sin beste ven, og eine sorga overlappa den andre. I tillegg blei eg 100% sjukmeldt frå lærarjobben i vidaregåande frå nyttår, noko eg er enno. Seinare blei kokken permittert frå jobben sin. Kokken heldt motet og fana høgt, flagga at han skulle vere i arbeid igjen, situasjonen var berre midlertidig. Han fekk så rett, så rett (i koppen), 1.8. var han i arbeid som kjøkkenleiar på Fylkeskommunen si nye kantine. Ein jobb han trivst godt i, og får mykje skryt for av fornøgde kundar. Dette unner eg han av heile mitt hjarte.

Eg ville og jobbe. Fordi eg har kjent eit stort press (kanskje mest frå meg sjølv), følte eg at eg MÅTTE kome meg ut i arbeid igjen. For å gjere noko anna, begynte eg i ein barnehage 1.8. Det gjekk ikkje bra. Etter 3 månader var eg utkjørt, kjente at ein ny kollaps var på veg. La inn årene, og blei liggande i (svine)influensa og bihulebetennelse.

Dette året har eg vore mykje motlaus, det skal innrømmast. Har hatt lyst til så mykje, og makta så lite. Likevel, eg har
det godt samanlikna med mange. Eg har ein god familie, gode venner, ein god stad å bu, gode naboar, to bein å gå på, får ete meg mett kvar dag, får oppleve kokken sine matkunster rett som det er. Ikkje noko av dette er sjølvsagt.

2009 har ikkje berre vore bratt, vi har og gode helsebringande opplevingar å sjå tilbake på. Mange gode turar, med og utan følgje. Flotte skiturar, m.a. på Hallingskarvet. Fellesskap med familie og vener. Tur til Rhodos i mai. Bruce Springsteen-konsert på Koengen. Feiring av kokken sin 40-års dag. Feiring av mor sin 90-års dag. Kunstutstilling i Luster med god veninne frå Kristiansand. Konsert med Bjørn Eidsvåg. Harlem Gospel Choir (fyrverkeri utan like). Tenåringen som trivst så godt på vidaregåande, heilt tydeleg at medie- og kommunikasjon er rette hylla for han. Han har og blitt ein reser på gitaren, det er så kjekt med all musikken som stig opp frå guterommet i kjellaren.

No gler vi oss til jul, tenner "tusen julelys" og ser fram til 2010. Les salme 23 om dødsskuggens dal og bordet som blir dekka, sikker på at året vil bringe mykje glede. Men først må vi frå juletreet i hus og finne julestjerna......

PS. Juletreturen i skogen blei akkurat så romantisk som eg hadde førestelt meg. Kokken og la i veg inn i den snøkledde skogen, oppover bar det. Då rette treet var funne, sette vi oss ned på toppen. Drakk kakao mens vi naut den vakre soloppgangen og den flotte himmelen som spegla seg i sjøen. Ein fantastisk måte å "feire" vesle julafta på. Treet troner no i stova, litt vindskeivt og sjarmerande, og mykje større enn det verka der ute i skogen saman med alle dei andre trea. Og i toppen? Ja nettopp. Julestjerna. Den låg i posen med julepynt oppi juleøskja.

Reisa er slutt. Eller den begynner.

Nokre av dagens bilder blir vist under, klikk og sjå dei i større format: