• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home Siv sine oppmuntringer AKE NED FLØYEN OG ANDRE SKREKKINNJAGANDE OPPLEVINGAR

AKE NED FLØYEN OG ANDRE SKREKKINNJAGANDE OPPLEVINGAR

E-post Skriv ut

Kokken vil ake ned Fløyen. Eg har hatt lyst mange gonger, har til og med spurt: Du, skal ikkje vi ta og ake ned Fløyen ein liten tur? Men det har aldri passa, anten har det ikkje vore nok snø eller noko har kome i vegen. No passar det plutseleg, det er romjul, mykje snø og vi har fri. Dessutan lagar kokken så god mat at eg treng å aktivisere meg i mange timar for å forbrenne alt saman.

Det treng ikkje kokken. Han har ein gudommeleg forbrenningsmotor, mens eg, eg treng berre å passere kakeboksane på kjøkkenet, så legg eg på meg. Men no skal det akast. Fløyen berre ligg der, bada i sol, og ventar majestetisk som eit anna Himalaya. Ventar på at vi skulle kome med akebrett og kjelke og segle ned. Fløyen er Kilimanjaro og K2 på ein gong, dit skal vi ta oss opp, utan yakoksar og oksygen, og skli nedover mens vi hyler av skrekkblanda fryd (eg).

Allereie før Lyderhornstunnelen er eg angstridd. Inni meg vel og merke, kokken må for all del ikkje sjå at eg har fått kalde føter, og det før vi er i nærleiken av Fløyfjellet. Eg kjem i tankar om TV-programmet vi såg i jula. Det vil seie slutten på eit TV-program om skatarar som sette utfor stupbratte fjlell i Alaska. Der sto tøffingen Terje Håkonensen helikopterbåren på toppen, og kasta seg utfor eit fjell som ingen nokonsinne hadde gjort før. Hellinga var 60 grader, og eg fekk sug i magen berre av å sjå på.

Han kom velberga ned, men eg blir full av frykt ved tanke på akinga. AKE! NED! FLØYEN! Eg må vere gal. GAL!. Dei verste scenaria dukkar opp i hovudet mitt. Ikkje finne bremsen. Miste kontrollen på akebrettet og suse rett i eit tre. Køyre nokon ned, skade dei og meg sjølv. Folk vil GLO på oss, vi er sikkert dei einaste over 25 med akebrett (vel og merke utan barn. Vi har ikkje eit einaste bittelite barn med som unnskyldning ein gong).

Ved Skansemyren får eg håp. Det er temmeleg mange bilar og vanskelg å få parkert. Takk og lov, men nei, der klarer kokken å finne ein plass, han er ekspert på det, det må vere fortida som taxisjåfør. Vi legg av garde, oppover, oppover. Byen blinker i snø og is langt der nede. Det er rett og slett ein nydeleg vinterdag, og eg prøver å ikkje vere redd. Kokken vil heilt til Brushytta (Colahytta som ungdommen kalllar den). No skal det skje. Den Store Styrkeprøven.

Vi set oss på akedoningane, eg får brettet, det skal vere enklare å manøvrere. Utfor ber det. Tjo hei! (Tjoo-hei betyr forresten "kva er det" på arabisk), ikkje tid til å tenke på arabisk no, det går fort, fortare enn svint i svingane. Nedover, nedover, nedover, eine svingen etter den andre, vi susar forbi dei andre, sinkene! kor blei det av frykta? Ligg igjen i snøen, antageleg, for dei andre køyrer så seint, så seint. Går det ikkje fortare? Dette er gøy! Berre gøy, der suser vi forbi eit brett og ein kjelke til. Nei, er vi nede alt??? - Eg bremste nesten ikkje! seier eg, og kokken gliser.

Mount Everest, here we come.