• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home Siv sine oppmuntringer SOLA STO BLEIK OVER VOSS... (ein roadmovie utan bilde, med lydspor)

SOLA STO BLEIK OVER VOSS... (ein roadmovie utan bilde, med lydspor)

E-post Skriv ut


Aktørar:

* Meg og tankar om døden, raspeballane og kjærleiken (ikkje havet, det er alt for langt unna)
* Kokken sin vesle, blå Suzuki Swift, som innbiller seg seg at han er eit mykje, mykje
   større kjøretøy og lagar lydar deretter, spesielt når han ryggar. (Jfr. desse sinte,
   små hundane som bjeffar så avsindig høgt fordi dei trur dei er store og farlege) 
* Henning Kvitnes (på CD-spelaren)
* Oppdrag: besøke 90 år gammal mor

On the Road to Sogndal. Sola skin, tanken er full og Henning er i CD-spelaren. Jeg er bare en pilgrim på denne veien, guttær, syng han. Og denne veien har vært full av høl og humpær, guttær. I grunnen ikkje, tankane og trafikken glir lett, heilt til eg havnar bak ein estlendar. Køyremønsteret hans er slik: 80 km/t-40-70-90-50-80 etc. Eg blir nøydd å tenke på noko særs positivt (td kokkens gode raspeballar) for ikkje å bli irritert.

Eg når Sogndal trass estlendar og vogntog med enda verre køyremønster. Mor blir glad for å sjå meg, ho er oppe og svingar gåstolen. Eg konstaterer at det berre ein TV-kanal i stova (NRK 2) og den sender kun OL. Hjelp og trøst! Tenk om eg endar opp som sportsidiot i løpet av opphaldet? Nesten ein skjebne verre enn døden. Tidleg til sengs, forsøv meg og søv lenge neste morgon. Mor må klare seg sjølv.

Å reise det er å komme tilbake Å se alt det gamle i et nytt perspektiv Å finne nye roller i det eldgamle spillet Under fortidas gater der spirer nytt liv  som Henning så klokt seier det. Plutseleg får eg telefon. Om eg kan køyre fire unge sunnnfjordsdamer på fest? Eg rykker ut, jodlande jenter på høge stilettar jumper inn i bilen. Minnest eigne, festlege dagar. Var eg ikkje på fest med Henning Kvitnes ein gong? Datt eg ikkje rett framfor scena? Glei på ein stiletthæl, antakeleg.
(Nei, det var Lava med Rolf Graff, i dei hine hårde).

Mor og eg samtaler i stova. Sitter i ei stue Sitter i en sofa Sitter her og venter på at tia skal gå.
Tida går endeleg fort nok for meg, tenker eg, tenker på alt mor har opplevd. Levande historie.
Jeg vokste opp i mellom linjene i en gammel vakker sang Nå lever jeg et sted i siste verset Og åra tynger foten den som var så lett en gang. Slik seier Henning det. Mor fortel sterke historiar om tida som ung sjukepleiarstudent. Ein gong måtte ho ut og hjelpe til på ein nabogard, ei eldre kvinne hadde dødd aleine på ei seng av halm, full av lopper. Dette gjorde eit uutsletteleg inntrykk på mor. På meg og. Dagane i Sogndal går fort, det er tid for returen.

On the road again. Trafikken og Henning flyt fint. Ingen estlendarar og vogntog så langt auga rekk. Og sola står bleik over Voss. Passerer smalahovetunet, fort. Har ikkje kokken trua med å køyre innom der? Alltid til ville protestar frå ungdommen og meg. Elles har eg berre gode tankar om Voss. Svigermor bur her, har ikkje tid til å besøke ho i dag, desverre, må rekke apoteket på Askøy, og raspeballane til kokken ventar. I grunnen føler eg meg litt som vossing og. Eg er vossing for vossingane, sogning for sogningane, sunnfjording for sunnfjordingane. Jau, i bunn og grunn.

Der var Voss tilbakelagt, og eg heng meg på ein blå varebil som køyrer friskt. Den vesle blå og eg vil heim. Henning syng om at jeg visste at veien jeg var nødt til å vandre hadde mange, lange ekstra mil. Det følest slik no. Klistrar meg på varebilen som tar dristige forbikøyringar. Eg dett av lasset, var visst ikkje så tøff som eg trudde. Det gjeld ikkje livet sjølv om kokken ventar der heime med raspeballane.

Denne veien må ta slutt en gang , syng Henning. Ja! Det må den. På mange måtar. Hadde det berre ikkje vore så mange tunnelar mellom Bergen og Sogndal. Blir så søvnig av dei. Det er 45 for å vere heilt nøyaktig. Dette veit eg, tapte eit veddemål ein gong, og måtte spandere middag på studentkantina i Sogndal. Meiner å hugse at det var raspeballar på menyen.

Eg køyrer i snølandskap med frosne fossar, Nå faller snøen tungt over byen, maler over det gråe med hvitt, som Henning syng så poetisk. Denne veien ta slutt en gang. Han kan få sagt det.

Der svingar eg inn på tunet, jeg drømmer om å finne frem, at ved reisens slutt jeg finner hjem og aldri reiser derifra. Apoteket blir unnagjort i ein fei, deretter er det raspeballane til kokken som gjeld. Ei reise verd.

Lydspor: Henning Kvitnes Ut av veggen (2006) smakebit frå Youtube her