Det er ei stor glede å få ønskje velkommen til bloggen vår, "Mat og glede". Du kan gjerne sjå for deg ei snor som blir klipt over, eksempelvis ei lakrissnor. Kokken Leif-Inge står sjølvsagt for maten, og då blir gleda på mi, Siv, si side.
I verda finst ca 112,8 millionar bloggar, og kvar dag blir det oppretta omtrent 175.000 nye, minus dei kinesiske. (Kjelde: Aud Gjersdal, BT 30.12.08). Eg meiner å ha lese ein stad at noko av det folk er mest opptekne av å skrive om i bloggar, er mote. Det vil du finne lite av her. Vi er ikkje så motebevisste av oss. Eg kan ikkje heilt sjå for meg at vi legg ut bilder av oss i sist kjøpte antrekk, som for vår del dreier seg om T-skjorter frå Cubus, billege dongeribukser frå Wearhouse og sokkar frå H&M. Det med sokkane var forresten ein genistrek. Kvar sokk var merka med ein vekedag, a la Mr. Bean. Då blir det lett å sjekke om sokkane blir bytta kvar dag...
Vi har forresten ein ungdom i huset, og han spreier både glede og klede. Det er berre å følgje spora etter klesplagga som ligg strødd rundt om kring. Elles latar vi som om vi har katt. Når ein eller fleire av oss skal ut, kan vi gjerne seie "hugs å passe på katten." Dette skriv seg frå ein episode då tenåringen skulle støvsuge. Då han var ferdig og kopla frå sentralstøvsugaren, kom ein lyd som om noko stort og kompakt forsvann inn i holet i veggen. Då kom det tørt frå ungdommen: "Der forsvant katten." Dette prover at tenåringar både har humor (i alle fall av og til) og at dei er i stand til å gjere husarbeid.
Elles hender det at eg og lagar mat, i alle fall drøymer eg om det om natta. Ein morgon vakna eg med ei fantastisk kjensle, eg hadde hatt ein draum kor eg fann opp ei heilt ny kake som ingen andre hadde laga før. I draumen gjekk eg gledesstrålande til Leif-Inge og viste han den ferdige kaka. Den var ganske liten, avlang og firkanta. Kva den var laga av? Gamle teposar!
| < Førre |
|---|




