• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home

BRYLLUPSKAKE

E-post Skriv ut

Hin kvelden var kokken og eg veldig, veldig slitne etter ein lang dag. Vi kom inn døra, varma lapskaus på 5 sek og datt ned i sofaen. Nesten ute av stand til å kommunisere med kvarandre, sjekka vi TV-programmet om det var noko passeleg lite krevjande å stirre på.


Etter først å ha sett på eit program om kroppslydar (slike som kjem ut ca midt på kroppen, dette vart etterkvart for sterkt for meg), enda vi med ein amerikansk film som heitte "Cake". Det var tull og tyll med vimsete heltinne som hata ekteskapet, og sjølvsagt blei alle venninnene gift i tur og orden, mens ho måtte bli redaktør av eit bryllupsmagasin og køyre rundt i ein rosa bil. I bryllupsmagasinet jobba (sjølvsagt!) den kjekke unge mannen ho hadde dumma seg ut for i sist bryllup. Alle med ein IQ over 10 kan tenke seg korleis filmen enda, og i siste scene åt dei bryllupskake.

Det var då eg kom til å tenke på mi eiga bryllupskake. (Retting: VÅR bryllupskake). I frysaren finst eit stykke igjen etter bryllupet for 1,5 år sidan. Kor lang holdbarheit er det eigentleg på bryllupskake? Kanskje ikkje så lenge som ekteskapet (vonaleg), likevel, vi torer ikkje heilt smake på den. Tenåringen meiner at vi kan spare kakestykket til gullbryllupet. (Hehe, ein av oss var over 40 då vi gifta oss).

Med mindre det dukkar opp eit bryllupsmuseum eller liknande. Eg las om ei som laga utstilling av ufullendte strikkeprosjekt i fjor. Her kunne eg ha gitt opp til fleire spanande bidrag. Til dømes den grå, halvferdige gutegensaren, storleik 4 år. (Poden er som sagt 15). Eller den lange, flotte, stripete kåpa av restegarn. (Berre den første stripa er påbegynt). Viss det kjem eit liknande prosjekt som vil ha bryllupsrekvisittar er eg førstemann til å donere resten av bryllupskaka.

Viss vi ikkje får uventa kaffigjestar i næraste framtid...