Hin laurdagen var kokken i det romantiske hjørnet. Først inviterte han på piknik i det fri med pastasalat, melon og cider på medbrakt piknikteppe. Då vi kom heim, for eg av garde etter ei stund or å sjå til ein katt vi hadde tatt på oss ansvaret for. Etter katteoppdraget venta enda ei overrasking.
I stova var det tent stearinlys, og bordet var dekka. Eg fekk beskjed om å setje meg, ut på kjøkkenet fekk eg ikkje lov å kome. Ein tallerk med lekkert dandert mat vart snart sett framfor meg. På den var det svinemedaljongar, fløtesaus og olivenmarinerte ovnsbakte poteter, pynta med babymais og fantstisk flott brokkoli. Wow! sa eg, mens tennene formeleg la på sprang i den vasstrukne ganen. Eit fantastisk lekkert syn! Kvar rubbel og bit vart fortært, utruleg kor stor matlyst ein kan få av å pusle med ein katt....
Kokken hadde meir på lager, på kjøkkenet venta ein spanande dessert. Det var blåbær, omtrent det beste eg veit, i vaniljesaus, pynta med lime, sjokoladebitar og melisdryss. På tallerken var det og pynta med 3 nydelege rosa små blomar, desse som eg ikkje hugsar namnet på, men som veks overalt. PS. Dei er ikkje etbare, men berre til pynt.
Etter dette (dame?)måltidet var det berre å lene seg tilbake i sofaeen, trekke eit sukk av velvære og konstatere at eg må vere ein av universets heldigaste kvinner.
| < Førre | Neste > |
|---|





