• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home

Det rolige hjertet

E-post Skriv ut

Denne boka gjorde eit sterkt inntrykk, først og fremst på grunn av den sterke livshistoria til Etienne Murenzi frå Rwanda, men og fordi boka er full av Guds ord og Guds sanningar.

På 90-talet kjem borgarkrigen med det grusomme folkemordet i Rwanda, og igjen blir Etienne sett på harde prøvar. Han mister heile familien, og blir ein av få overlevande av mange som søkte tilflukt i ei kyrkje. Han vart hardt skada, men i staden for å gje seg over til negative tankar, uttrykker han takksemd til dei som hjelpte han. I dag bur Etienne Murenzi i Norge med kone og fleire barn.

Boka dveler ikkje ved grusomme skildringar, det er ikkje det viktigaste her. Forfattaren Alexander Elguren er også forsiktig med å nemne Gud på ein direkte måte, likevel er boka gjennomsyra av Guds sanningar. Til dømes å ikkje gje seg over til negative tankar og følelsar, for då vil ein bli tappa for livskraft. Vidare å sjå på seg sjølv som fullverdig sjølv om ein er handikappa eller plaga av sjukdom. Vere positiv, leve no og strekke ut ei hand til andre. Ein har alltid noko å gje, og kjærleiken overvinn alt.

Eg blei både oppmuntra, glad og styrka av å lese denne boka. Den hjelpte meg til å sjå mitt eige liv på ein ny måte. I to år har eg opplevd mykje sjukdom, og vore sjukmeldt i over eitt år. Når ein ikkje har dei krefter ein skulle ønske ein hadde, er det lett å få negative tankar og føle seg utilstrekkeleg. Å lese om korleis Gud har brukt Etienne, med ein skjebne mange gonger verre ein min, ga meg rett og slett nytt mot.

Eg vil anbefale denne boka til alle!