• Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Home Siv sine oppmuntringer
Siv sine gleder oppmuntringar

OM MAT OG MENN

E-post Skriv ut

Så blei det søndagsmiddag i dag og, det tok berre litt lenger tid. Dette fordi eg laga den, og ikkje kokken. Kokken hadde fri i dag, men var tilgjengeleg for rop om hjelp frå kjøkkenet. Pus var heldigvis i ro i favorittstolen (den må vi hugse å snu puta på viss vi får gjester, elles vil dei vere temmaleg lodne i baken når dei drar heim). Men det var denne maten.

Les meir…
 

GOD MAT, GOD SERVICE

E-post Skriv ut


Kokken og eg slår på stortromma. Vi skal ut og ete. Kvar dag i fleire månader har vi sykla, gått eller køyrt forbi den nye restauranten berre 5 min frå oss, Kroa Jasmine. Thai- og kinesisk mat. Vi har til og meg fått smaksprøve utanfor vår lokale matvarebutikk. No er stunda komen, vi klatrar opp den bratte trappa til tidlegare "Loftet".

Les meir…
 

KARLSON PÅ TAKET

E-post Skriv ut

Sirikit er ein innekatt. I følgje katteboka går dette heilt fint så lenge pus kan bevege seg fritt omkring, leike, hoppe m.m. Sirikit har ikkje mange hemningar når det gjeld å bevege seg omkring (jfr forrige blogg). Ho er innekatt av fleire grunnar. Ein av dei er at vi har ein sterkt trafikkert veg ca 100 m frå huset vårt.

Les meir…
 

VERDAS BESTE?

E-post Skriv ut

Han ser undrande på meg. Eg har berre spurt om dei er gode i år, det tek ei tid før den unge mannen bak disken svarer. Antakeleg fordi svaret er så sjølvinnlysande, og han vurderer om eg er ved mine fulle fem. Det er nesten som å lure på om hovudstaden i Noreg heiter Stockholm, eller om to pluss to blir fem, for ikkje å snakke om å spørje ein bergensar om fotballaget til Bergen heiter Vålerenga.

Les meir…
 

PÅ HØYDEN

E-post Skriv ut

Eg har menga meg med dei meir eller mindre edruelege studentane på Nygårdshøyden. Der skal eg studere allmenn litteratur (kanskje), og ja, det er ikkje til å kome forbi at dei aller fleste er yngre enn meg. Ein skal ikkje sjå vekk frå at eg kan treffe på studentar som eg sjølv underviste i norsk litteratur på vidaregåande hin hausten. Fadder har eg og fått, ho er vel halvparten min alder. Eg takka pent nei til både vorspiel og nachspiel.

Les meir…
 

ULV I FÅREKLE.....

E-post Skriv ut

Når ein ser Sirikit, er det vanskeleg å tenke seg at ho kan vere ein ulv i fårekle. Ingen er kvitare, finare eller ser meir uskuldig ut enn ho. Men skinnet kan bedra, det har vi erfart etter meir enn tre månader med den "kongelege" i huset. Noko av det kjekkaste ho veit er å jakte på insekt.

Les meir…
 

FRÅ VARG VEUM TIL BRUNOST

E-post Skriv ut

Kokkken og eg skal gå i Varg Veum sine fotspor. Det er søndag og byvandring i byen mellom dei sju fjell. Eg var HEILT sikker på at sjølvaste Gunnar Staalesen skulle vere reiseleiar og guide fordi eg har sett han i aksjon tidlegare. Når det viser seg at det ikkje er forfattaren sjølv som leier turen, bestemmer vi oss for å føreta vår eigen byvandring.

Les meir…
 


JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL